
Publisert: 09.03.2010 21:25
Av: André Haugsbø
Før sesongen var målet for Vasaloppet å kome til start.. Det har eg nemleg ikkje klart dei siste to åra. Det klarte eg, men resultatet vart ikkje heilt som håpa.
Som Thomas var inne på, var eg uheldig å brekke staven relativt tidleg i løpet. Uheldigvis gjekk det fort oppover bakkane mot Risberg, og med ein stav klarte eg dessverre ikkje å følge med teten. Måtte konstantere at stavbrekket kom på verst tenkelege tidspunkt, og eg brukte mykje krefter på å prøve alt eg hadde å henge med feltet. Etter eg fekk ny stav etter ca 7km, var eg nærme feltet eit par gonger, men det blei for tøft å kome seg heilt opp igjen. I tillegg kom ikkje den meldte sola, og det medførre at skia vart noko tråare enn eg hadde håpa på på slutten. Gjekk i ei gruppe som holdt ok tempo, og til slutt blei det ein 35. plass.
Imponert over Thomas som var med nesten heilt inn.
No ser eg veldig fram mot Birken!
André
eZ Publish™ copyright © 1999-2010 eZ Systems AS